lørdag 7. mars 2009

Einsamflygar av Halldis Moren Vesaas

Jeg liker dette diktet fordi det har en vemodig undertone i seg.




«Einsamflygar»

Barn ikkje le av den fuglen
som flaksar så hjelpelaust av stad.
Vinden har skilt han frå dei andre
som flyg over havet i ei jamn tett rad.


Vinden valde ut denne eine
og kasta han ut av den usynlege lei
som fuglar av hans slag plar følgje.
Han er ikkje lenger ein av dei.

Sin eigen veg må han finne
eller – om han trøytnar om litt –
gi tapt la seg falle gå under
slik går det desse einsame titt.

Det mørknar vidt over havet.
Ei frostnatt kvesser sine jarn.
Ein fugl flyg einsam under stjerner.
Ikkje gråt for den fuglen barn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar